Haiketur frå Estland til Portugal + fotball VM i Tyskland 2006

Reiseblog for Sigurd Sandvik sin haiketur frå Estland til Portugal og tilbake til Berlin, frå 30. mai til 10. juli 2006!

Tuesday, June 06, 2006

Dresden 06.06.06!!!

No er eg i Dresden. Her verkar det som dei har byrja aa faa dreisen paa byen sin etter at dei allierte bomba og öydela 85% av byen i februar 1945. Fekk haik med ein hyggeleg polakk, Miroslav, fraa Lodz i Polen til Dresden. Skal no proeve aa haike vidare soerover til Munchen for Tyskland sin opningkamp 9. juni. Reiser truleg den 10. juni til Frankfurt og so vidare til Hamburg natt til 11. juni. Flyr heim fraa Hamburg til Bergen og vert heime i fire dagar foer eg flyr tilbake til Hamburg. Deretter gaar turen soer til Mannheim for aa treffe Tor Martin og Öyvind.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home


statistikk