Haiketur frå Estland til Portugal + fotball VM i Tyskland 2006

Reiseblog for Sigurd Sandvik sin haiketur frå Estland til Portugal og tilbake til Berlin, frå 30. mai til 10. juli 2006!

Tuesday, June 06, 2006

Dresden 06.06.06!!!

No er eg i Dresden. Her verkar det som dei har byrja aa faa dreisen paa byen sin etter at dei allierte bomba og öydela 85% av byen i februar 1945. Fekk haik med ein hyggeleg polakk, Miroslav, fraa Lodz i Polen til Dresden. Skal no proeve aa haike vidare soerover til Munchen for Tyskland sin opningkamp 9. juni. Reiser truleg den 10. juni til Frankfurt og so vidare til Hamburg natt til 11. juni. Flyr heim fraa Hamburg til Bergen og vert heime i fire dagar foer eg flyr tilbake til Hamburg. Deretter gaar turen soer til Mannheim for aa treffe Tor Martin og Öyvind.

Sunday, June 04, 2006

Bon Jovi med slange i Warshawa!

Vert truleg litt endringar i reiseruta mi. Skal heim i gravferd til farmor mi som doeydde 3. juni etter aa ha vore sjuk lenge. Flyr truleg heim fraa Munchen. Skal proeve aa faa med meg opningskampen til Tyskland der 9. juni. Flyr nok tilbake til Tyskland for aa vere med Tor Martin og Oeyvind i Mannheim, so det vert nok ikkje noko Portugal paa meg, ettersom VM daa allereie er godt i gang.


Valsa litt halvtroett rundt kring i gatene i Warshawa. Plutseleg dukka Bon Jovi opp med ein slange, daa var dagen redda!

Saturday, June 03, 2006

Baltikum!

No er eg i Vilnius i Litauen og har rasa gjennom dei tre baltiske statane paa fire dagar. Var fyrst ei natt i Talinn i Estland. Der gjekk det stort sett i gamle hus og kyrkjer. Elles var eg var litt overraska over kor moderne og nytt alt anna var her. Ikkje lett aa sjaa at dette var ein del av Sovjet for berre 15 aar sidan. Andre dagen overnatta eg i Tartu i Estland. Paa bussen til Riga i Latvia, traff eg ein portugisisk belgiar fraa Uppsala. Tok inn paa same hostel som han i Riga, og gjekk ut med han og nokre Latviske kompisar av han. I Riga snakkar omtrent halvparten av folka russisk og den andre halvparten latvisk, og dei var ikkje like flinke i engelsk her som i Estland. Dagen etter tok eg nattbuss til Vilnius i Litauen. Ogsaa dette er ein flott by med mykje historie og med ein av Europa sin best bevarte gamleby. Seinare i kveld vert det ein ny nattbuss til Warshawa i Polen. Ettersom det er saa billegg aa reise med buss her, har eg ikkje haika til no, skal sikkert proeve meg paa det etter Warshawa.
I ei bakgate i Tallinn, Estland.

Paa toppen av Oleviste Kirik i Tallinn, Estland.

Det vanlegaste namnet paa gatene i Estland.

Sentrum av gamlebyen i Tallinn, Estland.

Eit av mange taarn i Riga, Latvia.
Av alle plassar viser det seg at Vilnius er den einaste byen i verda med ei Frank Zappa statue!

Limousin i Vilnius, Litauen.


statistikk